Kjersti Rorgemoen

Purkene snudde seg

PROLOG: RØYNLEGE BROTSTYKKE OG GRØTELEGE PROMEMORIA FRÅ LIVET SOM MAGNA BEKK

I ei tid styrte ei blanding av fridomskjensler og desperasjon meg i ulike retningar, mellom anna inn i eit fellesskap av personar som kjende seg i vanslekt med mennesket, og som paradoksalt nok var besett av å feste med folk. Det hende ikkje sjeldan at eg fann meg sjølv, Magna Bekk, brasande rundt på desse festane på leit etter eit piano. Av ukjende grunnar hadde eg prøvd å spele piano heile det førtitoårige livet mitt, og hellet med dette spelet var ikkje eingong vekslande, bare fråverande. Eg hadde aldri fått noka heimkjensle ved dette instrumentet, eg var bare ein utilpass besøkande på pianokrakkane. På liknande vis som eg var redd musikarar og deira tilsynelatande direkte tilgang til det inderlege og laussleppte, var eg engsteleg for piano og tanken på potensialet som budde i den svære tangentkassa. Likevel var eg såpass sterkt trekt mot pianoa når festane eskalerte, at eg ikkje var til å stanse om eg fyrst hadde fått auga på eit instrument, og eg enda som regel opp med å hamre i gang brotstykke av klassikarar som ikkje var til å kjenne att for resten av festen. Merksemda var mi, resten av festen hadde ikkje anna val enn å stanse samtalane og lytte til mine musikalske framstøytar. Fekk eg til nokre takter, nokre melodiøse glimt, og kjende meg i gang og på veg mot noko større enn det blottstillande anslaget, mista eg tråden like raskt, eller så var det tråden som mista meg. Og samstundes kjende eg at kløfta mellom vilje og evne vida seg ut i rekordfart og gjorde store rom for skam i staden. Etter kvart som tida skreid fram, oppsøkte eg sjeldnare desse festane der pianospel alltid blei min peripeti, klimakset der komedien skleid over i tragedie, og eg såg i ettertid at dette fall saman med at eg hadde motteke ein hund som forskot på arv. Eg var svært motviljug, men endå meir ettergjevande når det galdt å la denne hunden, Sonja, få bu i heimen min. Eg hadde altså fått eit dyr inn i huset, og av mangel på reell motstandskraft hadde eg til slutt akseptert dyret som ein sambuar. Eg hadde gjort rom for Sonja ved å slå ned veggen mellom to kott og ved å få nokre handlingsorienterte slektningar til å køyre eit verdilaust piano på dynga for meg. Eg visste jo, inst inne, at eg hadde rom for både pianoet og hunden, huset var ikkje lite, men eg var driven av tanken på å ta eit val, feie noko ut av livet med ei kompromisslaus mine i andletet. Anten eller! hadde eg tenkt. Og kjensla av at eg liksom stramma grepet om lagnaden, var reell nok idet eg såg dei handlingsorienterte slektningane mine skubbe det gamle pianoet mitt frå hengaren ned i dynga. Dette nystramma grepet om lagnaden, som innebar at pianofestane blei erstatta av hundehald, hadde i neste omgang ført til at eg fekk frigjort mykje tid (eller frigjort og frigjort, det fanst no tydelege grenser for kor fri denne nye tida føltest). Eg kom i stuss over kva eg skulle bruke denne nye tida til, og byrja å leite i huset mitt etter noko som kunne leie meg inn på eit spor. Eg fann til slutt, i ei kiste der eg brukar å gøyme deprimerande gåver folk har gjeve meg gjennom åra, ei semska skinnbok med ein påprenta stork med eit sped- barn i nebbfatle. Boka var full av blanke ark, bortsett frå den fyrste sida, der det sto: Mine første år. Den semska skinnboka var tydelegvis for nybakte foreldre som ville dokumentere dei tidlege livshendingane til ungen sin, forsto eg: det fyrste ordet, mjølketenner, det fyrste steget, humoristiske utsegner et cetera. Eg hadde for lengst fortrengt minnet om korleis denne skinnboka på tragikomisk vis hadde hamna hos meg, barnlaus og einsleg som eg var. Funnet var eit uventa stikk. Som eit trist hån skein skinnboka for barndomsdokumentasjon mot meg. Kven var det som hadde donert ho til meg i ein mellommenneskeleg glepp? Eg hadde altså gløymt det, og det kunne vere det same. Likevel velta det opp ein trassvilje i meg ved synet av storkeemblemet som skulle symbolisere livsomvelting og sterk, offisiell lukke, og som så skamlaust sjølvsagt var prenta på framsida. Eg bladde gjennom dei blanke sidene, som var av finaste papirkvalitet, og det var då tanken slo ned i meg om kva eg skulle nytte den frigjorte tida til og samstundes kanalisere den oppflamma trassviljen på. Eg fekk ei hemnliknande lyst (utan at eg visste nøyaktig kva eller kven eg ville hemne meg på) til å fylle sidene med oppriktig skriveri. Eg ville gripe til pennen. Lenge hadde eg gått og grøssa over tanken på at kvart menneske (rettmessig) har ei oppleving av å vere ein hovudperson, protagonisten i sitt eige liv, og at det dermed kunne seiast å trø bortimot sju milliardar hovudpersonar rundt om på kloten. Alle hadde dei kvart sitt eg, alle hadde dei eit vell av kjensler å hanskast med: sterk ambivalens, ublanda glede, djup sorg, upassande likesæle, stor skrekk og så bortetter. Eg var (dessverre) også ein av desse nesten sju milliardar hovudpersonane, eg hadde mitt Magna Bekk-eg og mine Magna Bekk-kjensler, og eg hadde mine påtrengande Magna Bekk-opplevingar og forstemmande Magna Bekk-vurderingar av aktørane og mekanismane som gjorde verda til verda og livet mitt til livet mitt. Kva skulle eg med alt dette som var mitt? Om ikkje anna ville eg no prøve å notere det ned, så sannferdig som råd. Om ikkje anna skulle eg gjere det til tema, som ein uadressert hemn med uklare motiv. Om ikkje anna. Eg slo ned kisteloket, bar skinnboka til stova, der Sonja, den nyerverva hunden min, låg og sov på sjeselongen. Eg plukka ein penn frå peishylla og byrja straks på arbeidet med å notere ned røynlege brotstykke og grøtelege promemoria frå livet som Magna Bekk.

NESTEN KVITRING

Eg hadde vakna så sakte denne morgonen at eg måtte bruke litt tid på å sjå at dagen var verkeleg og ny. Frå soverommet hadde eg sikt mot himmelen, der sola stakk meg rett i synet. Eg vende andletet vekk frå det skarpe ljoset og kneip att augo. Ein neonfigur eg syntest hadde skikkelse som ein gris, hang att på netthinna. Endå ein gong ny morgon, tenkte eg. Morgon som før og morgon på ny. Så evinneleg stendig og samstundes så ubrukt og open. Eg var av ei slekt som alltid hadde elska morgonar. Denne slekta hadde til alle tider kappa om å kome seg opp, vere den fyrste til å fyre i omnen, vere den fyrste til å setje på kaffi. Det var rekna som ein god kvalitet ved eit menneske om ein hadde dette særeigne jaget etter å fosse ut av soverommet, gløyme nattemørkret med dess rare draumar og den hendingslause gårsdagen. Mens familien fossa ut av soveromma og gløymde alt det som nettopp hadde vore, plystra dei litt. Det var som om lungene var store bobler oppblåste av rein glede, og at dette måtte kome ut som korte melodiar, nesten kvitring. Dei elska dagen når han var på sitt nyaste. Det var i alle fall slik eg hugsa at det var, der eg låg i senga med solskinet rett i fjeset. Eg hugsa verken nattemørkret med draumane eller den hendingslause gårsdagen. Eg kjende meg med eitt opprømt og sa Her kan alt skje! triumferande ut i soverommet. Nei, det kan jo ikkje det, tenkte eg like etter og sto opp.

INNBILT HOFTEDYSPLASI

Ein draum frå nattemørkret ville ikkje gje slepp på meg etter at eg var vaken og påkledd i dag. Eg har alltid mislikt folk sin trong til å legge ut om draumane sine. Eg er bare interessert i historier som er tilrettelagte for å bli høyrde, og det er sjeldan direkte gjenfortalte draumar, som er svært ulne i framstillingsforma og utan nokon uttenkt essens. Eit unntak er sjølvsagt om eg har ei deltakande rolle i dei fortalte draumane; dette kan gje meg eit nyttig innblikk i kva for eit forhold drøymaren har til meg. Ein formiddag ringte til dømes ei veninne meg og fortalte oppkava om eit holocausttematisk mareritt ho hadde hatt, med meg i ei sentral skrekkrolle. Ho sa at ho bare måtte ringe for å roe seg ned. Eg, derimot, var blitt svært oppskaka etter samtalen av tanken på at hjernen hennar låg og produserte slike groteske fantasiar med meg som tyrannisk aktør. Eg prøver stadig å lese draumar i håp om at dei kan fortelje meg noko nyttig om kjenslerefleksane i det flokete dagleglivet. Denne analytisk motiverte interessa for draumane mine har dessverre ført til at eg hugsar dei oftare og oftare, og dessutan klarare og klarare. Dette har igjen ført til at bodskapen i dei har blitt meir og meir påtrengande, og i neste omgang at eg legg meir i dei enn eg har lyst til. Dessutan har eg oppdaga ei rekkje gjennomgangsmotiv, og det synest eg er nedtrykkande. Det er noko trist ved stadig å sovne inn i eit på førehand kartlagt drøymeland. Draumen eg hugsa denne morgonen, hadde spunne rundt eit av desse gjennomgangsmotiva: halvvegs lamming av dei aktuelle musklane eg treng. Eg drøymde eg skulle gå gjennom ei framand stove, men at føtene mine med det same blei visne, slik at eg måtte slepe meg gjennom rommet på ein svært stygg og fornedrande måte. Eg assosierte kjensla med hoftedysplasi, ein lekamsfeil eg ofte har i mente ettersom det var mistankar om at eg hadde dette då eg blei fødd. Behandlinga eg fekk for det, var ei pute som dag og natt i dei fyrste levemånadene var festa mellom beina mine og pressa dei ut i spagaten. Eg har ikkje hatt problem med gangen seinare, men kvar gong eg ser nokon som går på ein slengande måte, hindra av si eiga hoftestilling, tenker eg at det er kort veg mellom min gange og deira gange, ja når eg ser korleis dei vraltar i veg, er det som om eg kan kjenne sjukdomen plutseleg vere til stades i mine eigne hofter. Det er ei sjeldan plage for folk, hoftedysplasi, og eg er ikkje heilt sikker på om eg verkeleg hadde det, sjølv om eg blei behandla for det. Hundar har det til dømes mykje oftare. Hos mange fuglehundrasar er hoftedysplasi så hyppig at det er meir overraskande om dei ikkje har det. Til dømes hadde alle fuglehundane på svinefarmen der eg voks opp, hoftedysplasi. Dei sprang alltid rundt med ein veivande bakpart, somomdet var det som var normalt. Som unge lurte eg lenge på om det fanst ein samanheng mellom hoftedysplasien til alle desse hundane og dette at eg sjølv var blitt behandla for sjukdomen, om det var ein mystisk slektskap eller smitte mellom dei og meg. Men i motsetning til den kjensla av ufridom og fysisk lenking min (innbilte) hoftedysplasi besto av, verka ikkje hofte- dysplasien til hundane å vere noko hinder for dei. Den veivande bakparten deira hindra dei ikkje i å oppnå farten dei trong i jaktsamanheng, dei sprang rett nok uryddig, men like raskt som noko skogsdyr. Som barn kjende eg meg på eit underleg vis smitta eller i slekt med fuglehundane og hoftefeilen deira. No når eg var over førti, dukka denne dysplasikjensla framleis opp både i draum og liv, som var det ein fiks idé som nekta å gje slepp på meg og hoftene mine. Dette var bare ein av dei mange fikse ideane eg hadde, som eg ikkje greidde å riste av meg. Ei følgje av å ha levd i Noreg i over førti år var at eg sørgjeleg hyppig var blitt trengd inn i eit hjørne der eg måtte drive og svare på spørsmålet Kven er du?. Etter årevis med dårlege og famlande svar, og med sveittetokter og irritasjon over dette konstant tilbakevendande spørsmålet (det var alltid andre som pressa dette spørsmålet på meg – det var ikkje noka form for essensialistisk vilje til sjølvransaking), hadde eg byrja å ro meg i land med den ærlege opplysninga om at Eg er ein person som heile livet har hengt fast i fikse idear. Det er min essens, hadde eg bestemt meg for. Når tautologien Eg er bare meg sjølv eller Eg prøver bare så godt eg kan å vere meg sjølv rann uhindra ut av munnane på folk rundt meg, knepte eg att min eigen munn, knurra lågt og tenkte: Spør dei meg no om kven eg er, så har eg heldigvis eit ganske klart og ærleg svar på lager. Eg er ein person som heng fast i fikse idear.