Stupet og handa

Roman

Stupet og handa er ein framtidsroman om korleis ein ung diabetikar reagerer når ei stor hand grip inn i livet hans, og om dei underlege planane han og ein annan diabetikar legg for å stele insulin saman. I eit språk som kan gi kjensla av å sjå ein Buster Keaton-film, blir lesaren vitne til ein skilsettande flytur over Atlanteren, til eit Disneyland dei færraste enno kjenner. Stupet og handa liknar få andre romanar, og er gripande og forbløffande, om livet på utsida av røynda og innsida av realiteten. 

Om Stupet og handa

«Øyehaug imponerer med det originale språkuniverset sitt. […] Ein kan bli svimmel i språksenteret og førestillingsevna av Øyehaugs språk. Som i oppløfta. Han smir setningane og bygger opp universet slik at vi sit med kjensla av at vi er blitt serverte litteratur, ikkje ein filmatisk avart av sjangeren der vi skal leve oss inn i ei 1:1-verd. Samstundes er romanen på ingen måte utilgjengeleg eller ekskluderande. […] Eg kjem derfor ikkje til å påstå at romanen ‘handlar om noko’. Ein kan bestemme seg for at han handlar om diabetes, om framtida, om grenselandet mellom draum og røyndom, om å miste bakkekontakten, om fantasi, men sjølv vel eg å seie at han handlar om seg sjølv, eller om korleis vi kan gripe an livet. Som menneske har vi mange ulike tuver å stå på når vi skal innta plassen for utsynet til røyndomen; blikket til Øyehaug kan vere presist som noko. Det er kaos, det er uoversiktleg, og det betyr noko. Det er det vi har.»
Ingvild Bræin, Dag og Tid

«Forfatteren viser en utrolig god fabuleringsevne. Språklig sett har teksten både flyt (temaet å stupe) og driv (motivet jakt på insulin). Flere avsnitt er morsomme, som for eksempel der Olav vurderer de ulike institittene på universitetet. Viktigere bok har ikke vært skrevet på lenge. Det er en bok unge diabetikere kan kjenne seg igjen i.» 
Anne Berit Nystad, Sakprosakritikk

«[Olav R. Øyehaug] skriv forfriskande urealistisk, i ein stil som er både fantasifull og parodisk.»    
Leif Tore Sædberg, Stavanger Aftenblad