Orgelskogen
Roman
Det var frå den påska då far til Svein slo i hel mora, at Svein budde i Österfärnebo. Der fanst dei einaste levande besteforeldra han hadde, og trass alderen hadde dei betre kapasitet til å forsørgje Svein enn nokon andre.
Når Svein uventa arvar huset etter besteforeldra sine, drar han tilbake til den svenske bygda Österfärnebo. Plutseleg er han langt borte frå Beate, og heilt tett på barndommen som heng att mellom veggane der. Det er berre nokre månader til faren er ferdig med å sone i fengsel. Svein ser han for seg, eit slags mørkt lys som er på veg.
Orgelskogen er ein roman som sirklar inn etterverknadane av det forferdelege som hende den påska då Svein var elleve år. Orgelskogen er ikkje berre ein fysisk stad mellom trea, men ein sjeleleg tilstand Svein kan tre inn i, kor det berre finst han og orgla, og alt anna forsvinn.
Om Orgelskogen
«Sorgarbeid […] Kajsa Bøyum debuterer med ein lågmælt og finstilt tekst. […] Orgelskogen er eit stykke kleinkunst som ikkje går opp, og det er heller ikkje meininga, for det er ting i livet som aldri lar seg reparere, sjølv ikkje for ein orgelbyggjar.»
Oddmund Hagen, Dag og Tid
«Kajsa Bøyums debut er ein finstemd roman om orgel og sakn. […] Mørkeret i Svein har sin motsats i Beate sitt lys, og dei varme dialogane Bøyum skriv fram mellom paret, saman med omsorga forteljaren har for Svein, gjer at vi kan seie at Orgelskogen slår fast at størst av alt er kjærleiken.»
Ayne Kifle Assefa Aalen, Klassekampen
«Velskriven og lovande roman.»
Olaug Nilssen, Bergens Tidende
«Språket er virkelig sterkt, presist og poetisk.»
Kenneth Moe, Samtiden
«På sitt beste, minner Bøyum om naturnære, symbolorienterte forfattere som Vesaas eller Fosse.»
Julia Bueso, BLA
[score] «Orgelskogen er en velskrevet roman, den er sentimental men har mange gode refleksjoner. Måten Kajsa Bøyum skriver frem hovedpersonens indre landskap på er veldig fin. Detaljer mer antydes enn males ut med bred pensel, det likte jeg godt. Den uroen som Svein bærer på er også veldig godt skildret, og gjør dette til en roman med karakter. Jeg anbefaler gjerne Orgelskogen videre.»
Tine Sundal
«Romanens største styrke er at Sveins relasjonelle egenskaper, og hans familiære forbindelser, skildres på spenningsdrivende vis – som om handlingsforløpet etterligner det noe ufortalte om faren og handlingen han står bak. Disse litterære tomrommene skaper en stille suspens.»
André Urhaug, Kiosk