Lansering av Kristin Lavransdotter!

Kolon forlag lanserer Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset, dramatisert av Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag, og omsett til nynorsk av Gunnhild Øyehaug, med samtale og opplesing frå boka i Bikuben i foajeen til Det Norske Teatret, fredag 22. september kl. 17. Program: Kjersti Horn og Gunnhild Øyehaug i samtale med Inger Johanne Sæterbakk. Opplesing ved Sara Khorami frå det eminente ensemblet til Kristin Lavransdotter. Arrangementet er gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så ein bør vere tidleg ute om ein skal vere sikker på å få sitteplass. Baren i Bikuben er open frå kl.16.30, og der kan ein kjøpe seg noko å drikke. Hjarteleg velkomne!